Regionsjef i NITO Vest, Stian Nyhus.

Det er spesielt Vestlandet som merkar seg ut med svært få arbeidsledige i NITO sine tal.

Nord i Rogaland og i Sunnhordland finn vi den lågaste arbeidsløysa i heile landet med 0,5 prosent.

Nyhus omtalar dette området som ein temperaturmålar for norsk økonomi.

– Når det kjem ein nedtur, skjer det først der. Dei er ganske konkurranseutsette.

Også i Sogn og Fjordane er ingeniørarbeidsløysa blant NITO-medlemmar på 0,5 prosent. I nordlege delar av Hordaland ligg talet på 0,7 prosent.

Sør i Rogaland er det heilt oppunder 1 prosent arbeidsledige ingeniørar.

Vi må tilbake til 2014 for å finne lågare arbeidsløyse blant NITO-medlemmar nasjonalt.

Utfordrande rekruttering

Regionsjefen synest det er svært gledelege tal.

– Det er valdsamt stor aktivitet. Det er tydeleg at folk har komme seg i arbeid. Industrien går godt. Det er ein del som skiftar jobb, men går over i ny jobb umiddelbart. Lønn betyr ein del, derfor byttar folk jobb.

Men han er tydeleg på at vi må sjå på utfordringar knytt til rekruttering. Fleire ingeniørstillingar må ofte lysast ut på nytt.

– Det er eit skrikande behov for å få tak i ingeniørkraft på Vestlandet, fastslår han.

I region vest har talet på arbeidsledige og permitterte NITO-medlemmar gått jamnt nedover dei siste åra, med unntak av eit lite byks då det blei koronapermitteringar tidleg i 2020.

Bekymra for tida etter oljeskattepakken

I starten av pandemien fall oljeprisen til under 20 dollar fatet, og utbyggingar vart sette på vent. Stortinget vedtok midlertidige endringar i skattesystemet for å hjelpe oljenæringa og leverandørindustrien på beina att.

Nyhus er bekymra for kva som vil skje når denne oljeskattepakken forsvinn:

– Kva ein skal gjere etter det, er eit interessant spørsmål. Korleis skal ein behalde flinke ingeniørar?

– Eg er spent på det som skal pratast om. For mange av våre medlemmar er det ei forventning om at ein skal få ein god lønnsvekst i 2023, særleg med tanke på prisveksten, avsluttar Nyhus.

Heile oversikta over arbeidsledige og permitterte finn du her (pr. 10.03.2023): 

NITO Agder 1,48 %
NITO Buskerud 1,66 %
NITO Finnmark 1,24 %
NITO Innlandet øst 1,20 %
NITO Hordaland 0,78 %
NITO Møre og Romsdal 1,07 %
NITO Nordland  0,81 %
NITO Nord-Rogaland og Sunnhordland 0,53 %
NITO Innlandet vest 1,16 %
NITO Oslo og Akershus 1,08 %
NITO Østfold 1,64 %
NITO Rogaland 0,99 %
NITO Sogn og Fjordane 0,55 %
NITO Telemark 1,49 %
NITO Troms 0,60 %
NITO Trøndelag nord 0,76 %
NITO Trøndelag sør 1,24 %
NITO Vestfold  1,16 %