Gå til innhold
NITO Nord Rogaland og Sunnhordland

NITO-konferanse for tillitsvalte

Varsling, tariff, press på avtalefesta rettar er noko av det som står på programmet når me møtes til Lokal NITO-konferanse på Stord Hotell 19. - 20. oktober.

Påmelding

Logg deg inn så slipper du å fylle ut skjema

Logg inn

Aktiviteter

fredag 19.10.2018 14:00-13:00

Har du allergiar eller andre kostbehov vi må ta omsyn til, skriv dette i merknadsfeltet.

fredag 19.10.2018 20:00-22:00

lørdag 20.10.2018 13:00-14:00

Personopplysninger

Arbeidsgiver

Loading
Vi kjenner ikke denne arbeidsgiveren, vennligst fyll inn adressen under

 

På denne konferansen møter du tillitsvalte frå heile Nord-Rogaland og Sunnhordland, på tvers av av avtaleområde og verksender. Advokat Birthe Eriksen, ekspert på varsling og Per-Yngve Monsen, kjent varslar frå den mykje omtala Siemens saka, vil dele av sin kunnskap slik at du blir tryggare i di rolle ved varsling på din arbeidsplass.

Avtaleområda privat og offentleg drøftar saker som er viktige for deira avtaleområde, i felles- og i separate møte. Avtalefesta rettar i tariffavtalar og i arbeidsmiljølova er under press - er vi budde på å handtere dette?

Program Fredag

  • 14.00 Rundstykke, kaffi og te
  • 15.00 Velkommen v/ Selma Elisabeth Næsse, avdelingsleiar NITO Nord Rogaland og Sunnhordhland
  • 15.30 Varsling: Roller, ansvar og konflikthandtering v/ advokat Birthe Eriksen
  • 17.30 Pause
  • 18.00 Lagbygging – kreative utfordringar
  • 20.00 Middag

Program Laurdag

  • 09.00 Ein varslars erfaringar v/ Per-Yngve Monsen, varslar
  • 10.30 Minglepause - utsjekking
  • 11.00 Lokal tariffkonferanse v/ Lokale tariffutval - Eit hardare arbeidsliv – er du førebudd? v/ advokat frå NITO
  • 12.15 Separate møte - privat/offentleg
  • 13.00 Avslutning og lunsj

Kombinasjonen av felles foredrag og avtaleseparate samlingar gjer at det blir mykje å drøfte blant deltakarane på denne konferansen.

Birthe EriksenBirthe Eriksen

Advokat, og har arbeidd med varsling i mange år – både som forskar og som advokat. Birthe Eriksen har også vore medlem av Varslingsutvalet som leverte sine lovforslag i februar 2018.

 Birthe Eriksen vil dele sine erfaringar frå store og små varslingssaker med særleg fokus på rolla som tillitsvalt verneombod og fagforeiningar. Høyringsfristen for Varslingsutvalet sitt lovforslag februar 2018 går ut i september. Ho vil og oppsummere status i debatten om Varslingsutvalet sine forslag. 

Per-Yngve Monsen

Per-Yngve Monsen

Kjent varslar i Siemens Business Services. Fekk i 2007 Zola - prisen som vert delt ut av Nobel Instituttet av Foreningen til fremje av sivilt mot. 
I 2008 blei Monsen tildelt Fritt Ords pris.

 

Som tidlegare divisjonsøkonom i Siemens Business Services varsla Per-Yngve Monsen om at selskapet han jobba i tok seg for mykje betalt i ei kontrakt dei hadde med Forsvaret. Monsen blei usakleg oppsagt, men fekk seinare tilkjent erstatning på 1,5 millioner kroner og Siemens har tilbakebetalt store beløp til Forsvaret. Monsen deler sine erfaringer med oss.

Praktisk informasjon

NITO dekker kostnadane med reise og opphald inkl. full pensjon på konferansehotellet. Kl. 14.00 servering Kl. 15.00 programstart

 

Forfall

Kan du ikkje delta og må melde deg av, må dette skje to dager før konferansestart. Ikkje meldt forfall blir fakturert med kroner 2000,-