Gå til innhold
NITO Sogn og Fjordane

Avdelingsstyremøte 12/17 Sogn og Fjordane

Avdelinga arbeider for medlemer og bedriftsgrupper innafor NITOs til ei kvar tids gjeldande visjon, føremål og strategiske målområde. Avdelinga skal ta vare på medlemene sine interesser både overfor sentrale organ og lokale miljø.

Inga påmelding

NITO har 20 lokalavdelingar spreidd over heile landet. Lokalavdelinga tek vare på medlemer, bidreg til å etablera bedriftsgrupper og utviklar tillitsvalde. Avdelingsstyret er sett saman av fem demokratisk valde medlemer.

Styremøta vert haldne åtte til tolv gonger i året.

Alle NITO-medlemer kan gje innspel om saker til handsaming, desse må vera styreleiar i hende seinast 14 dagar før møtet.

Saker som vert handsama i eit avdelingsstyre:

  • Orienteringar
  • Lokalpolitiske saker
  • Handlingsplan
  • Budsjett
  • Planlegging og evaluering av kurs og arrangement
  • Evt.

Kontakt ditt lokalkontor for å koma med innspel eller om du har spørsmål.

Ta kontakt med din lokalavdeling