Gå til innhold
NITO Nord Rogaland og Sunnhordland

Kurs i Retorikk del ll - Haugesund

Som aktiv i ein organisasjon og i samfunnet elles er språk ditt viktigaste verktøy. Det er ved hjelp av kommunikasjon du kan endre det du meiner bør endras. Med ord kan du inspirere andre til å strekke seg langt - eller ta frå dei både gnist og arbeidslyst.

Påmelding

Logg deg inn så slipper du å fylle ut skjema

Logg inn

Personopplysninger

Arbeidsgiver

Loading
Vi kjenner ikke denne arbeidsgiveren, vennligst fyll inn adressen under

Fullfør

Retorikk er viktig når du skal oppnå noko for medlemmane du representerer. Det kan handle om ingeniørane sin plass i samfunnet og i samfunnsdebatten, eller i heilt konkrete forhandlingar på arbeidsplassen. Eller kanskje det er noko i eigen organisasjon ein bør ta tak i? Kanskje du førebur eit tre-minuttars innlegg på neste møte i NITO? Også her vil verktøya frå retorikken sin verktøykasse være nyttige.

Retorikkfaget oppstår i møtet mellom teori og praksis. Difor skal vi bruke dette kurset til å øve. Du vil få konkrete tilbakemeldingar på kva som fungerer og kva som kan bli betre. Vi skal også sjå eksempel på både god og dårlig talekunst frå retorikkens rike verd.

Kurset følger 7 trinn, med eksempel og øvelsar spesifikt tilpasset arbeidet som tillitsvalgt.

  1. Ut av skapet - kvifor kommunikasjon er viktig.
  2. Tydelige verdiar - det som får oss til å handle.
  3. Heile mennesket - ethos, logos, pathos
  4. Sterke bilete - metaforar er det mest pedagogiske som finns.
  5. Fortell ein historie - det er like viktig som då vi satt rundt leirbålet.
  6. Kunnskap trumfer alt - men dersom den ikkje blir formida bra vinn dei med mindre kunnskap.
  7. Oppsummering: tru på deg sjølv!

 

 Kurshaldar: Trygve Svensson, UIB

Ta kontakt med din lokalavdeling

Følg oss på Facebook

POST- OG BESØKSADRESSE:

Sæ 132
5417 Stord

Ring for å avtale møte

FAKTURA INFO:

Faktura sendes til NITO som EHF (e-faktura).
NITOs org.nr. er 856 331 482.

Alternativt kan faktura sendes som PDF til

Husk å merke med avdelingsnavn.