Gå til innhold
< Kurs og arrangementer

Ny dag-nye nederlag, Sogndal

Korleis unngå samarbeid på tvers av avdelingar, fag og interesser og sikra full utteljing av eigne og andre sine dårlegaste eigenskapar?

Påmelding

Logg deg inn så slipper du å fylle ut skjema

Logg inn

Personopplysninger

Loading

Halvor Haukerud.jpg

Bli med denne ettermiddagen og høyr Halvor Haukerud utfordra deltakarane på kva som skal til for å slå beina under samarbeid, dempa arbeidsglede, få eit surt arbeidsmiljø eller på andre måtar syta for å unngå utvikling og berekraft. Med humor, litt galskap og kløkt gjer Haukerud og hans umusikalske følge sitt beste for å dra ned stemninga i verksemder og organisasjonar.

Meir konkret er føredraget meint å bidra til å gjera den einskilde meir medviten om kva roller ein har og tek i sitt daglege virke - som summen av fagperson, kollega og sine personlege preferansar. Rolla og relasjonane pregar både kollegial åtferd, samarbeid med andre- og tredjepartar etc. Eit viktig spørsmål i denne samanhengen blir då korleis ein brukar sine beste eigenskapar - og kor god ein er til å la andre bruka sine.

Føredragshaldar

Halvor Haukerud er sivilingeniør, kulturprodusent, forfattar og organisasjonsrådgjevar, og har jobba særskilt med rolle- og samarbeidsmedvite i samansette arbeidsfellesskap.

Som gründar og dårleg leiar i firmaet Motarbeider held Haukerud om lag 100 worst shops årleg og jobbar elles med andre organisasjonsforverrande tiltak. Basert på røynslene frå 15 år med profesjonell motarbeiding lanserte Gyldendal i år «Med- og MOTARBEIDERBOKA. For deg som jobber eller bare er ansatt.» 

Foredraget er et samarbeid med Lederne, Delta, Parat og Finansforbundet

Merk: Sted ikke avklart

Kurs og arrangement i Sogn og Fjordane