Familietur til VilVite
Her kan de leike, lære og ha det gøy. Den store utstillinga er full av interaktive installasjonar som inviterer til utforsking av naturvitenskapen si spennande verd.
På VilVite er det fullt av aktiviteter for born og vaksne
- Stor utstilling med mykje å utforske
- Vitenshow med flammar og eksplosjonar
- Kreative verkstader
- Stadig nyheiter i utstillinga og på programmet.
Vi reiser med Suldalsbussen
- kl. 09.00 avgang frå Haugesund/Flotmyr
- kl. 09.20 avgang frå Aksdal Busstasjon
- kl. 10.00 avgang frå Stord/ parkeringsplassen Vabakkjen
kl. 12.00 framme i Bergen
kl. 16.00 retur frå Bergen
Praktisk informasjon:
- NITO dekker reise og inngangsbillett til VilVite
- Ein har sjølv ansvar for mat og drikke på turen
- Bussen tilbyr sittepute for born. Skriv inn i merknadsfeltet ved påmelding om de har behov for dette.