Årsmøte NITO Nord-Rogaland og Sunnhordland 2021
Kva bør vere NITO sine satsingar og kven skal leie avdelinga framover? Som medlem kan du vere med å påverke eigen organisasjon. Kva er viktig for deg? Kva skal vi jobbe med framover? Bli med og bruk røysteretten din.
Årsmøtet er ein viktig arena der du kan vere med å sette agendaen til NITO.
Fullmakter og forslag
Registreringsskjema frå bedriftsgruppene og eventuelle forslag som ein vil ha handsama på møtet må sendast til avdelingskontoret. Frist for innsending av framlegg er 3 veker før årsmøtet.
Vil du engasjere deg?
Eller lurer du på kva eit avdelingsstyre i NITO driv på med? Kontakt valnemnda i NITO Nord-Rogaland og Sunnhordland.
Program
Detaljert program og praktisk informasjon vert oppdatert på eit seinare tidspunkt.
Dagsorden
Jmf. vedtekter for NITOs avdelinger § 3.2 Dagsorden:
- Opning
- Konstituering
- Årsmelding 2020
- Rekneskap 2020
- Innkomne saker (merk frist for innsending 3 veker før årsmøtet)
- Mål og handlingsplan 2021
- Budsjett 2021
- Godtgjersle til avdelingstillitsvalde
- Delegater til sentrale tariffkonferanser
- Val
- Avslutning
Saksdokumenter publiseres senest 2 uker før årsmøtet (krever pålogging).
Skjema til bruk på årsmøtet
Melding om retten til å benytte personlig stemme
Registreringsskjema for bedriftsgruppene - avdelingenes årsmøter
- Medlemer med yrkesaktivt medlemskap har tale-, forslags- og røysterett eller kan la seg representere av si bedriftsgruppa.
- Tillitsvalde som møter på vegne av medlemer i bedriftsgruppa har tale-forslags- og røysterett.
- Pensjonistar har tale-forslags- og røysterett.
Leiarar og styremedlemer i NITO-studentane sitt lokallag har talerett.
Du har mulighet til å vinne på årsmøtet
Avdelingsstyret har i år laga ein årsmøtepakke som inneheld Osbrey tursekk, Stanley thermokopp og buff i tynn merinoull.
Denne «årsmøtepakken» trekker vi blant årsmøtedeltakarane på årsmøtet. Kanskje du blir den heldige vinnaren?