Gå til innhold
Bilde av Lustrafjorden
< Kurs og arrangementer

Pensjonisttur til Skjolden

Årets tur går til Skjolden i Luster. Innkvartering og «base» vil vere Skjolden Hotell og her vi vil ha alle måltid og sosialt samvær.

Arrangementet er avlyst

Førebels program

Onsdag 3. juni

  • 13.00 Lunsj og informasjon av lokal guide
    Den enkelte ordnar med reise til Skjolden
  • Eigentid til å utforske» nærområdet, til fots eller med bil
  • 18.00 Årsmøte NITO pensjonistane
  • 19.00 Middag 
    Samlinga etter middagen er i romsleg salong, der vi kan danse, syngje og smake på hotellets øl mm.. 

     

Torsdag 4. juni

  • 08.00 Frukost og utsjekk
  • 11.00 Bedriftsbesøk på Fjordglas AS, ein moderne trevarefabrikk som produserer vindauge og dører. Etter omvising i fabrikken «lokkar» leiinga med smaksprøvar/ bakverk frå ei lokal verksemd i Luster!

Dagen vidare er til fri planlegging, det kan vere mange opplevingar ein kan besøke/ sjå på vegen heim  og lunsjen vert såleis på eiga hand.

Sognekomiteen (A. A. A)

Praktisk informasjon

Førehandspåmelding er ønskjeleg innan 27. mars, dette for å ha litt «peikepinn» for reservasjon på hotellet. Bindande påmelding vert medio mai.

Det vert rabattert pris for medlemer og eigenbetaling for følgje. Vi kjem tilbake med pris når vi har ein peikepinn på talet på deltakarar.

 

Spørsmål til Arne Hauge,  e-post:  /mobil 954 22 092