Tillitsvaldssamling på Kviknes Hotel
Ta ein tur til vakre Balestrand i mai, og lær meir om lønsforhandlingar saman med NITO Sogn og Fjordane
Er du tillitsvald og forhandlar løn i di bedrift? Då er dette eit høve for deg!
På denne samlinga vil vi ha fokus på lønsforhandlingar som eit heilårsprosjekt. For å oppnå gode resultat så treng ein å gjere godt førebudde forhandlingar, og ein stor del av desse førebuingane skjer ved å ha kontakt med arbeidsgjevar gjennom året.
Opplegget skal vera interaktivt, med stort fokus på praktisk trening, og løysing av oppgåver i grupper.
Tematikken er ikkje begrensa til noko tariffområde.
Ansvarlege for forhandlingsverkstaden er Thomas Korsnes, seniorrådgjevar i NITO, og Steffen Svarthumle, tillitsvald i Brødrene Aa.
Me vil òg få innlegg frå forhandlingsseksjonen i NITO, samt frå arbeidsgjevarsida. Endeleg program kjem når desse er avklart.
Det vert overnatting på ærverdige Kviknes Hotel i Balestrand, med middag og lunsj i flotte lokaler.
Praktisk info:
- NITO dekker reise og tapt arbeidsforteneste for tillitsvalde. Hugs å avklare med arbeidsgjevar i god tid.
- Refusjonar vert krevde gjennom unit4.
- Begrensa antal plassar, så ver snar med å melde deg på.
- Meld frå om allergiar i kommentarfeltet
- Har du kort reiseveg så kan ein vurdere om overnatting er naudsynt