- Me ser på fleire område at det er veldig viktig for medlemene at det kjem på plass bedriftsgruppe med tillitsvald. For det første er det viktig for å sikra ei best mogleg lønsutvikling og for det andre ser me verdien av at NITO vert representert i møte med leiinga og slik sikra gode arbeidsvilkår, representasjon, påverking og generelt fremja NITO sine synspunkt, seier Lars-Petter Jevnaker, seniorrådgjevar i NITO med ansvar for bedriftsgrupper i region vest.

- De vil óg ha krav på å bli høyrt og koma tidlegare inn i prosessen ved omorganiseringar og eventuell nedbemanning på arbeidsplassen, leggar han til.

Opplevde oljekrisa på nært hald

Jevnaker har vore i NITO sidan 2014 der han starta som kontorleiar i Bergen og hadde ansvar for NITO Sogn og Fjordane og delar av aktiviteten i NITO Hordaland. Ikkje lenge etter han starta der, kom oljekrisa og både han og kollegaene fekk hendene fulle.

- Det var ei svært krevjande tid med å bistå tillitsvalde og medlemer, men samstundes lærde me mykje om kva som er NITO sin styrke. Organisasjonen snudde seg rundt og møtte utfordringane så godt det let seg gjera sjølv om det var tungt å sjå at så mange mista arbeidet sitt, seier han.

Jevnaker fortel at frå deira kontor i regionen jobba me politisk, opp i mot media og for individuelle medlemer som risikerte å mista jobben.

- Det var svært lærerikt å jobba tett med andre samfunnsaktørar for ikkje å mista kompetanse i regionen og få andre næringar til å få augene opp for kompetansen ingeniørane sat på. Sjølv bisto eg mange medlemer med jobbsøkjing og det var utruleg fint å sjå at mange etter kvart kom seg attende i jobb.

Stå sterkare saman - lag ei bedriftsgruppe

Heldt fram arbeidet med bedriftsgrupper

I 2016 fekk region vest ansvar for eit pilotprosjekt knytt til bedriftsgrupper og Jevnaker vart prosjektleiar for det. Sidan det har han jobba vidare med å oppretta nye grupper og jobba tett opp mot tillitsvalde i regionen som omfattar over 21.000 medlemer.

- Då eg starta opp i rolla som bedriftsgrupperådgjevar hadde eg eit bilete i hovudet om korleis dette arbeidet ville sjå ut. Eg såg føre meg at eg møtte medlemer i eit mørklagt industribygg der berre eitt rom var opplyst, nemleg møterommet der medlemene og eg hadde sett oss ned for å starta bedriftsgruppe. Det artige var at denne førestillinga vart ein realitet ein haustkveld i Stavanger, ler han.

- Men viktigast av alt var at resultatet vart veldig bra. NITO fekk på plass tariffavtale og landa alle godane som følgjer med der.

I dag held han kontakten med dei eksisterande gruppene og bistår der det trengst. I kontakten med eksisterande grupper så bidreg eg med kursing og råd opp mot til dømes lønsforhandlingar.

Slik kan ei bedriftsgruppe påverka lønsutviklinga di

Når NITO mottek melding om at ei bedriftsgruppe er etablert, ser ein til at rettane for medlemer og tillitsvalde trer i kraft i tråd med det aktuelle avtaleverket.

Avtaleverket gjev den tillitsvalde rett til å opptre på vegne av alle medlemene på arbeidsplassen.

- Medlemene våre stiller svært ulike spørsmål, men dei er naturleg nok interesserte i korleis dei kan få ei best mogleg lønsutvikling. I tillegg er dei opptekne av korleis dei som gruppe skal få gjennomslag får sine synspunkt overfor leiinga, forklarer Jevnaker.

- For oss bedriftsgrupperådgjevarar er det difor viktig å kommunisera ut kva som er verdien av NITO-medlemskapet og kva ein får ut av å ha ei god bedriftsgruppe. I tillegg jobbar eg mykje med å gjera dei tillitsvalde trygge i rolla gjennom å støtta dei med råd, kurs og anna.

Jevnaker legg til at mange lurer på kor omfattande arbeidet som tillitsvald er, noko han pleier å svara ut ganske så greitt.

- Det er sjølvsagt avhengig av kva næring ein jobbar i, men eg veit at me som jobbar i NITO er lett tilgjengelege og at me gjer det me kan for å gjera tillitsvalde så trygge i rolla som mogleg.

- Før eller seinare vil ein oppleva omorganiseringer og nedbemanningar. I slike prosessar er det særskilt viktig å ha ein tillitsvald som kan ta vare på interessene til både gruppa og individuelle medlemer. NITO vil syta for at bedriftsgruppa sine tillitsvalde får opplæring og gode verktøy for å kunna representera NITO-medlemene på best mogleg måte, understrekar Jevnaker.

Lyst å opprette bedriftgruppe, eller har spørsmål om tillitsvalgt og bedriftsgrupper? Kontakt en av disse:

Disse er NITOs bedriftsgrupperådgivere