HVL Haugesund - Kræsjkurs i matematikk 2
Er du stressa for eksamen i matte 2? Få ein god fagleg repetisjon og eit nytt perspektiv på stoffet.
NITO Studentane inviterer til eksamensførebuande kurs i Matte 2 for bachelorstudentar.
Det vil bli ein gjennomgang av sentrale tema i pensum og gode tips til korleis du kan lukkast på eksamen. I tillegg til rein mattekunnskap gir kurset ekstra motivasjon til din komande eksamen. Ved hjelp av gode arbeidsmetodar kan du bli endå betre før eksamen. Dette er din sjanse til å friske opp, og syte for at du kan det du burde før eksamen.
NITO kjenner sjølvsagt ikkje til innhaldet i årets eksamen i dette emnet.
Praktisk informasjon:
- Ta gjerne med eigne spørsmål og problemstillingar for diskusjon undervegs eller i pausane.
- Det blir servert pizza ved oppstart. Gi beskjed om allergi eller andre matehensyn i merknadsfeltet ved påmelding.
- For å kunne delta på kurset må du være studentmedlem i NITO
- Kurshaldar Harald Spångberg