Årsmøte NITO Nord-Rogaland og Sunnhordland 2026

Årsmøte NITO Nord-Rogaland og Sunnhordland 2026

PC, NITO-effekter og klubbe

Kva bør NITO satse på i året som kjem? Som medlem har du påverkingskraft i eigen organisasjon. Kva er viktig for deg? Bli med og bruk stemma di.

PC, NITO-effekter og klubbe

Påmelding

Årsmøte NITO Nord-Rogaland og Sunnhordland 2026

Kva skal vi jobbe med framover? Årsmøtet er ein viktig arena der du kan påverke kva som vert sett på agendaen. 

Fullmakter og forslag

Tillitsvalte må melde inn stemmefordeling og kven som skal representere bedriftsgruppa, via digitalt skjema innan påmeldingsfrist for årsmøtet; 5. februar.

Forslag til saker som ein ønskjer handsama på årsmøtet må sendast til avdelingskontoret seinast tre veker før årsmøtet; 19. januar.

Har du lyst til å engasjere deg?

Ta kontakt med valkomiteen om du har lyst eller veit om nokon som burde engasjere seg i avdelinga. Send inn tips til valgkomiteen i NITO Nord-Rogaland og Sunnhordaland.

Dagsorden årsmøte

 

  1. Opning
  2. Konstituering
  3. Årsmelding 2025
  4. Rekneskap 2025
  5. Innkomne saker (merk. frist for innsending 3 veke før årsmøtet).
  6. Aktivitetar og prioriteringar 2026
  7. Budsjett 2026
  8. Godtgjersle til avdelingstillitsvalde
  9. Val
  10. Avslutning

Saksdokumenter vert publisert seinast to veker før årsmøtet (krev pålogging).

Program

17.00
Tapas/fingermat
17.45
Registrering
18.00
Årsmøtet startar

Iren Langhelle Nordhus

Seniorrådgiver NITO Nord-Rogaland og Sunnhordaland