Kjernekraftutvalet har levert rapporten sin og interessa er stor. Samtidig er det tydeleg at kompetanse blir ein nøkkelfaktor i den vidare diskusjonen. NITO ynskjer å løfte fram nettopp dette: kva kan vi i dag, kva manglar vi og kva må byggjast opp dersom kjernekraft skal vurderast på ein fagleg solid måte.
I dette webinaret får du ei klar og oppdatert oversikt over kompetansebehov knytt til kjernekraft i norsk kontekst. Vi ser på status, utfordringar og kva som må til for at Noreg skal kunne ta informerte val om framtidas energiløysingar, utan å dette i fella med ynskjetenking.
Du møter Lars Petter Maltby, medlem i kjernekraftutvalet, direktør i Prosess21 og tilsett i Noregs forskingsråd, og Asgeir Tomasgard, medlem i kjernekraftutvalet, professor i operasjonsanalyse ved NTNU og direktør for NTNU Energi og NTNU Energy Transition Initiative.
Dei deler innsikt frå arbeidet sitt og drøftar både moglegheiter og dilemma. Webinaret kombinera fagleg presentasjon med ein samtale om kompetanse moderert av Arne Vatnøy.
Program
Møteleder: Arne Vatnøy, kommunikasjonssjef i NITO
Thea Lovise Sørfonden Vie
Politisk rådgiver