Konferanse for tillitsvalde NITO Nord-Rogaland og Sunnhordland

Korleis skaper vi tryggleik, medverknad og gode prosessar når arbeidslivet er i endring? Før under og etter ei omstilling blir tema når tillitsvalde møtes til samling for fagleg påfyll og erfaringsdeling.

Vi klarte ikke å hente nødvendig kursinformasjon fra CRM (påmelding er derfor dessverre ikke tilgjengelig).

Konferanse for tillitsvalde NITO Nord-Rogaland og Sunnhordland

Vi inviterer deg til ein konferanse der vi set søkjelys på tillitsvalde si rolle, før - under og etter ei omstilling. Gjennom faglege innlegg, erfaringsdeling og diskusjonar vil vi utforske korleis vi saman kan skape gode omstillingsprosessar med medverknad, openheit og tillit.

Velkomen til ein dag med læring, refleksjon og nyttige møtepunkt med tillitsvalde frå heile regionen.

Program:

  • Kva er viktig før ei omorganisering
    - tillitsvalde sine oppgåver og det juridiske perspektiv
  • Tillitsvald deler erfaringar frå omorganisering
  • Nye moglegheiter etter ei omstilling – verksemd i vekst -

Detaljert program

Praktisk informasjon:

  • Vi startar med lunsj. Du melder frå om eventuelle allergiar ved påmelding
  • NITO dekker reisekostnader til arrangementet
  • Dersom du vert trekt i løn hos arbeidsgjevar dekker NITO tapt arbeidsforteneste

Iren Langhelle Nordhus

Seniorrådgiver NITO Nord-Rogaland og Sunnhordaland