Vestnorsk Ingeniørkonferanse

Vestnorsk Ingeniørkonferanse

Haugesund Foto: Gettyimages

Vi set søkjelyset på framtidas arbeidsliv for ingeniørar og teknologar. Opplev inspirerande førelesingar, forhandlingsverkstad og nettverksmoglegheiter med andre NITO-tillitsvalde.

Haugesund Foto: Gettyimages

Påmelding

Vestnorsk Ingeniørkonferanse

Vestnorsk ingeniørkonferanse er årets viktigate møteplass for ingeniørar og teknologar på Vestlandet. 

Temaet for årets konferanse er eit arbeidsliv i endring. Vi skal ha gode føredrag og samtalar som skal gi oss fagleg påfyll for korleis vi som tillitsvalde skal stå stødig i dei endringane som møter oss.

Vi rettar blikket mot industrien på Vestlandet – korleis ser framtida ut, og kva erfaringar har vi gjort oss frå tidlegare omstillingar? Vi skal òg løfte blikket ut i verda og sjå på korleis dette påverkar føresetnadene for verksemdene på Vestlandet. Yngre og eldre generasjonar møtest i arbeidslivet, med ulike perspektiv. I dei fleste familiar er begge foreldra yrkesaktive, og besteforeldra står lenger i arbeid. Korleis kan arbeidslivet møte familiane og behova deira?

Det blir høve til å jobbe praktisk med forhandlingar. Bedriftsgrupperådgjevarane i region Vest, Thomas Korsnes og Lars-Petter Jevnaker, vil leie eit forhandlingsverkstad laurdag føremiddag.

Program Vestnorsk ingeniørkonferanse 2026

Våre framifrå førelesarar: 

  • Professor Ola Grytten frå Norges Handelshøyskole
  • Adm. dir. Lars Inge Hellestveit, Aibel Haugesund
  • Oddgeir Eilerås, NITO-medlem
  • Stortingsrepresentant Ruth Mariann Hop (Ap)
  • Daglig leiar Eirik Sæther, Akuna
  • Politisk rådgjevar Erlend Hansen, Industry All
  • Direktør Helene Seim, Boliden
  • NITO president Kjetil Lein
  • NITO visepresiden Safina De Klerk
  • Forhandlingssjef Knut Aarbakke, NITO

 

Praktisk informasjon: 

  • Vi ønskjer at de reiser kollektivt så langt det let seg gjere. Har du behov for privat bil oppmodar vi til samkjøyring. 
  • Reisande frå Bergen og Stavanger skal nytte felles transport med buss. Avvik frå dette må avtalast med lokal rådgivar på førehand.
    Dei som reiser frå Nord-Rogaland og Sunnhordland blir oppmoda om å velje kollektiv reise, eventuelt samkøyring dersom privat bil er nødvendig.Du kan få fri frå jobb for å delta på kurs – hugs å søkje om fri så tidleg som mogleg.

  • Vurder om du treng overnatting dersom du bur i nærleiken.

  • Du kan få fri fra jobb for å delta på kurs - husk å søkje om fri så tidleg som mogleg.

  • Kurset er gratis – NITO dekker utgifter til både reise og opphald. Du får informasjon om bestilling på e-post.

  • Har du ekstra utgifter til barnevakt eller får du fri uten lønn, kan du få utgiftene refundert.

 

Tina Dale Tønnessen

Seniorrådgiver

Iren Langhelle Nordhus

Seniorrådgiver NITO Nord-Rogaland og Sunnhordaland