Totalberedskap, kva betyr det for deg

Totalberedskap, kva betyr det for deg

Kor førebudde er vi når det uventa skjer? Frå internasjonale kriser og digitale truslar til straumbrot og svikt i forsyningar, er beredskap blitt eit viktigare tema enn nokon gong?

Påmelding

Totalberedskap, kva betyr det for deg

Totalberedskap handlar om korleis samfunnet førebur seg på og handterer kriser.
Frå krig og naturhendingar til digitale angrep og langvarige straumbrot.

Marit Thomasgård Aarset frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap held foredrag om korleis Norge arbeider med beredskap, og kva rolle styresmaktene spelar, samt næringsliv og organisasjonar. 

Kva betyr totalberedskap for deg, familien din og hushaldet ditt? Korleis kan enkle førebuingar gjere oss meir robuste når uventa hendingar oppstår?

God beredskap handlar om at vi står sterkare saman, fordi kvar enkelt av oss er litt betre førebudd.

Praktiske opplysningar:

  • Det blir enkel servering frå kl. 16.30
  • Meld frå om eventuelle allergiar ved påmelding

Iren Langhelle Nordhus

Seniorrådgiver NITO Nord-Rogaland og Sunnhordaland